Ny veka og nye mulegheiter 🌸

God morgen, bloggen 😊

I dag er da ein dag med nervar og litt sommarfugla i magen. I dag skal eg begynna på ny plass i arbeidstrening og eg skal få jobba med data 🤩 Da e noke eg ha likt sia ungdommen. Men detta som eg ska te me no er litt annerledes enn da eg er vant med.  So no ska eg snart ut døra og da er da ei lita bikkje som ikkje er så fornøgd me 🙈

Heima aleina? 😢😢😢 lika best å væra med ❤️

Sidan da er nesten -9 ute so syns eg da er best ho er heima. Eg sitter på eit kontor med andre og da blir nok litt att og fram i begynnelsen.

Ynskjer dere ein god mandag og ta vare på kvarandre 🫶🏻🌸

Godt nyttår 😊

God kveld og godt nyttår 😊

No er da lenge sia eg har skreve eit blogginnlegg. Eg har hatt ein dårleg periode med mykje smerter siden sist innlegg. Eg har ikkje vært i arbeidstrening eller på trening 😔

Litt eigenpleie

Eg sliter mest om vinteren og syns da er plagsomt pga eg klara ikkje so mykje, men eg får jo ikkje gjort so mykje med da. Eg er èin av dei som sjølvmobber og da er ikkje så veldig bra når èin har èin sønn og mann som prøver å gjera da beste for meg når eg har store smerter. I da siste har eg og fundert mykje på korleis eg ska klare ting og funnet ut at eg må ta ting litt i eige tempo og ikkje stresse. Før jul var ting litt på hodet og eg syns da var ubehageleg å ikkje klara å væra heilt ferdig pynta te jul te 1 desember. Kanskje da hadde med at eg var på kurs første veka i desember. I år har eg planer om å væra litt tidligare ute 😜

Da å væra èin sjølvmobbar er ikkje noken ukjent fenomen for mange, men etter at eg følgte Metalheads Against Bullying sin story forrige veka dra da tema var oppe so skjønte jo eg fort at da er da eg har gjort mot meg sjølv og at andre har mobba meg siden barneskulen so har ikkje da hjelpt meg.
No skal eg prøva å væra meir positiv sånn at eg kanskje klara å snu negativitet og dårleg sjøltillit te noke bedre. Da blir eg 100% uføre, men da èin VTA med noke som eg lika å driva med. Da er da som er håpet no. Og da aller største ynskje no er at min kjære med søvnapné kan bruka maska si sånn at eg slepp å væra livredd kvar natt 😔🤯

No skal eg snart legga meg å sova, men da blir med øyreproppar med musikk for min kjære snorker noke so voldsomt 😔😔

No ynskjer eg alle saman ei fin og god natt og ta vare på kvarandre 🫶🌺😊 me har barnefri og det skal eg nyte utenom trening og litt husrydding i måro 👍☺️

I dag vart eg forbanna på ein anna billist 🙈

Heisann 😊

I dag vart eg skikkeleg forbanna på ein billist som bare kødda virka da som. Først merka eg da sjøl at bilen hadde på langlyset og blikka på meg med da. Eg stoppa, men da var ingenting gale. Når eg tok igjen bilen så virka da som hen kødda me allle bilar foran og møtande bilar. Brukte langlyset ekstremt mykje og var irriterande for andre foran og møtande. Eg hadde den foran meg fra Hallingporten og til Ulsåk. Tok meg ein pausen på Hemsedal før turen gjekk vidare. No sitter eg på ferja og gleder meg til å komme heim. Kjempesliten, men veldig fornøgd med turen til Halden og kosehelg med vennene mine 🧡

Julestemning i bilen 🧑🏻‍🎄🎅🏼🎄

Håpar på ei litt roleg veke sidan eg har vært på kurs i Førde fra mandag til torsdag og så på tur fra fredag til i dag. Kjenner hodet og kroppen er slitne 😊

 

Ynskjer dere alle ein fin kveld vidare og ta vare på kvarandre 🧡🫶🏻🎄🧑🏻‍🎄🎅🏼

Beintøff helg og 1 advent 🎄🧑🏻‍🎄

Fredag var me på julegrantenning og møte nissen. Da likte lillegut, men han var sleten. Hodet mitt begynte å surra når eg ikkje fann igjen ei ulltrøye. Da tømte eg alle dei 3 småskapa mine og rydda ette kvart på plass igjen

Tok ikkje bilder etterpå 🤣🙈

Når eg dreiv å rydda so vart eg litt sorgtung og fekk meg ein skikkeleg psykisk knekk. Dan har ikkje slept taket enda, men fekk nesten pynta ferdig te jul i dag. Mangla juletreet og småpynt, men da tar me i måro. Eg er heller ikkje ferdig me kalendergavene, men eg må sjå korleis formen er i måro. Eg kjenner eg ikkje vil visa meg blant folk, men eg hakje so mykje valg viss eg ska bli ferdig. Formen ellers er heller ikkje mykje å skryte av, men da hjelper ikkje å sitta heima å trøysteta. Eg håpar eg klara å snu litt for da påverka kvardagen og eg blir sur og lei meg 😔 no er da mykje at gubben og lillegut ska gjera ting aleina, men dei er ikkje einige. Eg håpa eg berre klara å snu tankegangen og mønsteret 🤞

No ska eg prøva å sova sjøl om tankane er tunge og negative. Eg håpa eg får ei god natt søvn og so får eg berre holda senga og snu tankane evt i måro.

Men ynskjer dere andre ei god natt og ta vare på kvarandre 🫶🏻🤗🎄🧑🏻‍🎄

Første julegavene unnagjort 🎁🎄

No har me vært på tur sia torsdags ettermiddag og er no klare te å pakka siste rest i bilen og setta snuten heim. Men først ska me treffa fetteren te gubben og familien og da er etterlengta 🥰 blir ein liten tur i lag med dei 🧡 Så skal vi køyre heimover og komme oss i hus og rydde vekk før natta tar oss 🙈

Eg har fått handla litt julegaver og så har eg handla noken julekalendergaver te lillegut 🎄🎁 da er godt å få begynt litt 🎅🏼🧑🏻‍🎄

Da snør i Asker og da kan da henda eg får litt julestemning til eg skal heim og ordna med julepynten 🎄🧑🏻‍🎄 Gleda meg til adventstiden og alt som følgjer med. Julemusikk og julefilmar er tingen 🧑🏻‍🎄🎄🎁

Ventetid i bilen 🫶🏻

Ynskjer dere ein fin søndag og ta vare på kvarandre 🫶🏻 og nyt førjulstida 🧑🏻‍🎄🎄

Formen er på veg nedover…..

God kveld, bloggen 🌸

Formen er dalande og det er ubehageleg for meg. I går hadde eg ein forferdeleg dag, men fekk besøk pappa og drikke kaffi. Lillegut fekk og seg ein tur i bilen som han fekk til bursdagen sin. Da gjorde dagen for han og delvis meg. Når me kom heim så vart da i seng for min del og der sov eg litt, men slappa mest av. Hoveverken gav seg litt nett før eg sovna, men var ikkje vekke før eg vakna i dag. Eg sov lenge og hadde ikkje sjangs te jobb pga ryggen som har slått seg vrang og masse smerter i heile kroppen. Sånn er da å lever med fibromyalgi. Ingen dag er like. No har eg lagt meg i senga for kvelden og skal bare høyre musikk og lese bok, viss ikkje min kjære vil sjå litt tv med meg. 

Da er hardt å være så mykje plaga med smerter og være småbarnsmamma, men planen er å snu ting til positivt og nyte meg av verktøy som kanskje kan hjelpe meg å føle bedre. I måro skal eg på trening med studenten som eg har noken ganger no pga eit skuleprosjekt på høgskulen. Da hjelper meg, men må dessverre avlysa av og te 😔 

I måro skal eg bita i meg og reisa på trening for eg treng drivstoff på bilen og strømpebukse til ettermiddagen sidan me skal ein tur og eg føler for å sjå litt normal ut. Når formen er dritt så lika eg å stella meg å sjå litt fin ut 🙈

Go’guten Milo 🐈‍⬛💙

Masse kos i denna guten eg har på fanget i kveld. Han krever kos og søke mest kos når eg har lagt meg i senga 🥰🤩

Ekje langt vekke Nikki heller 🐩💜

No skal eg lesa bok og kosa meg med varmeputa i nakken før eg ska sova. Ynskjer dikka ei god natt og ta vare på kvarandre 🫶🏻🌸

https://spleis.no/saramichelle del gjerne og sto i forrige tysdags Se&Hør om henne og familien 🥰💜

Laurdag og litt opphaldsvær!

I dag er da ein heilt vanleg laurdag og kroppen kjenne da e godt me helg. Gutane mine har sove vekke i natt og eg sleit me angst i går pga vind og skikkeleg regn. Etter eg budde i Lærdal og dar va da ekstremt mykje vind so fekk eg angst av vinden. Spesielt etter storbrannen i 2014 der eg såg flammene ikkje so langt i fra heimen min. Redd var eg for heimen min og alle dyra mine, da hadde eg 3 hundar og 1 katt den helga. Heldigvis hadde eg besøk og fekk hjelp. Me fekk komma te ei god venninna sia tunnelen mot ferja va stengt pga røyken.

Vatnet er ekstremt høgt 🙈
Ser ikkje igjen brygga 🤪

No må eg ærleg innrømme at eg vil at vatnet her skal gå ned til normalen og så kan da komma snø og legga seg 😉🤣 No vil eg gjerne ha stabilt vær og julestemning 🫶🏻🥰

Kastrert Milo 🥰

Vesle Milo er kastrert og snart klar for å sleppast ut for å utforska garden. Eg håpar han holder seg rundt garden ilag med Nøsti og ikkje blir påkøyrt eller tatt av ørn 👍😉 er blitt skikkeleg glad i denna guten. Både eg og gutane mine 💙🥰

 

Til slutt vil eg gjerne spørre om dere vil hjelpe denne dama. Ho er gift ned fetteren til min kjære sambuar og håper no at ho kan komma til utlandet og få behandling der. Da er 4-siders intervju om ho og familien i Se&Hør som kom tysdag 🥰💖 setter innmari pris på alle som støtter ho og familien. Ynskjer ikkje at dei 5 barna og mannen skal mista ho. Me vil gjerne ha ho i livet våres i mange mange år til 🫶🏻🌸

https://spleis.no/saramichelle

 

Ynskjer dere ein fin laurdag og ta vare på kvarandre 🫶🏻🌸🌸

Avløysar og aleina heima….

Litt kos på kvelden før leggetid. Har bytta gardiner i stova og daglegrommet og fargen er lilla 🙈 Eg er litt i advent/jul modus og da kjenner eg gir meg litt energi. No har eg vært aleina sidan i går og i morgen kommer alle sammen heim igjen. Mine foreldre skal eg hente på bussen og da har eg henta lillegut i bhg 🥰💙 savner han, men veit han kosa seg på besøk. Skulle nok gjerne vært heima og vært med meg i fjøsen, men eg kjenner eg hadde nok ikkje klart da heilt enda. Er vel 1 år sia sist eg hadde fjøsen og da følte eg meg litt bedre enn no 😔



No har eg begynt å lage adventslys og litt andre, men kan jo ikkje avsløra for mykje for noke er julegave. Eg kjøpte meg ny form når eg var i Førde forrige veka og eg er kjempefornøyd me dan 🤩 Lagde første kubbelyset te advent, men drog veiken rett ut av lyset 🤣🤪 so lyte smelta på nytt og støype igjen. Godt eg har litt tid og former 👍

Ny lysform vart nydelege lys 🥰

I dag har eg og vært med Nikki te dyrlegen og endeleg ville dei gi ho rett medisin. I sommar avslutta ein anna dyrlege medisinen hennas mot allergi og ho har bare blitt verre. I dag fekk ho sprøyte og antibiotika sånn at ho får da bedre. Eg vil heller ha ein glad og kløfri hund noken år enn at ho skal klø og lida i 5-6 år til 🥰💖 Ho er verdt masse for meg 💖 I morgen er da Milo sin tur te dyrlegen og kastrera seg. Eg gleda meg til han roa seg og kanskje kan få ut litt før snøen kjem for fullt 👍

Litt lys ute hjelper når ein er aleina heima 😊🤩

No er da leggetid her før fjøsen og dusj i måro. So er da noken avtala før henting av lillegut 💙 so ska me henta foreldra mine 💖

Ha ei god natt og ta vare på kvarandre 🫶🏻

Snart heim te gutane mine 🥰

Ja, no sitter eg på Bambus Resturant og ha kosa meg med innbakt kylling i sur/søt saus. No skal eg snart betale og bevega meg mot bilen og heim. Eg gleda meg masse te å komma heim te gutane mine og drar vel egentleg ut tiden for å venta te lillegut e ferdig og heima igjen fra bhg. Men eg har ein par plass igjen før eg begynna turen heim 👍

Kurset har vært lærerikt og eg merkar at eg e stiv sjøl om eg ikkje fekk med meg alt. Etter ei natt uten søvn so fekk eg ei god natt i natt og powernap under avspenning før me var ferdige. Eg veit eg skal på trening i helga, men kjenne på kroppen at den er sleten, men på ein anna måte. So lyte vurdera litt. Eg har litt lyst å ikkje bli alt for stiv.

Eg har møtt 4 fantastiske damer som gir so masse av seg sjøl og inspirera andre på sine måtar. Å dela erfaringar er i hvertfall ikkje dumt. No gleda eg meg til tiden heima før ny runde i desember 👍

Vart visst dessert før eg reise vidare 🤪🤪

Ha ein fin torsdag og ta vare på kvarandre 🌸🫶🏻

Ingen søvn i natt 🙈

Denna dagen starta med teori og da vakje da beste etter ei natt me lite søvn. Eg må sei da er kjedeleg. Trening i dag blir underhaldande for meg å sjå på dei andre, men eg lærer av å sjå på dei 👍

Eg får noken nye sangar på lista mi mens eg sitter her og skriver innlegg i bloggen. Veldig lærerike dagar, men da tar på for detta er ingen av oss vandt med. Blir jammen rolege daga når ein kjem heim 🙈

No sitter eg med denne utsikten mens damene har aerobic 👍 i dag bannlyse eg ryggen og tenke positivt 🤪

men eg ynskjer dere andre ein nydeleg dag og ta vare på kvarandre 🌸🫶🏻