Beklaga stillheiten🌺

Heisann, alle saman 😊

Beklaga stillheiten, men eg har dessverre prioritert andre ting enn bloggen og veit ikkje heilt om eg blir meir aktiv enn før. Eg ser andre brukar bloggene sine til å fortelja om ting, men eg kjem ikkje til å bretta ut noke meir ang lillegut og gubben. Da eg kanskje kan skriva meir om er korleis eg dessverre av og te øydeleggje dei gode dagane mine.

 

I dag er dan dagen. Eg har hatt ein god dag bortsett fra ein vond rygg, men da har eg vært flink te å driva på i hundre og helvete te kroppen plutseleg flata ut og eg klara ikkje å gjera noke på noken daga. Men håpa da snur seg og at da ikkje skjer denna gangen, men eg veit aldri. Eg har jo noken daga no so eg trenge å ha energi til pga bursdag til gubben i morgen og 17 mai onsdag. Da er viktig for meg at dan dagen har eg energi til å væra med gutane mine sånn at lillegut får dan beste dagen med oss begge.

I måro skal me ha selskap og eg skal på avtale tidleg på dagen sånn at eg da kjem heim skapeleg sånn at eg kan få rydda da som trengs og slappe godt av før folk kjem. Eg må jo hjelpe til og, men skal slappe av etter selskapet og når gubben har reist for å væra vakt for russen ☺️

 

Sidan sist har me og hatt lamming i fjøsen og da var ei fin tid, men dessverre så er ikkje snøen heilt borte. Så her me bur so er da fortsatt snø hos oss 17 mai 😜

Eg har og begynt på andre veka med Lavkarbo høg feitt, men er i startfasen enda. Eg håpa da skal hjelpa både på vekt og smerter. Eg skal forklara dikka litt meir seinare. Men no er eg komt i senga med vektdyna på i håp om bedre rygg i måro 🤞

Ynskjer dere ein fin kveld og natt og ta vare på kvarandre 🌺🫶🏻

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg