Flytting av sauer i dag 👌

God kveld, bloggen

Sauene ska flyttast 😊

I dag har eg hatt ein roleg dag heima med fyring i ovn og god serie på tv’n 👌 Etter ein liten tur te sentrum der eg henta noke for min kjære og handla litt, so var da heim og hjelpe pappa flytte sauer. Da siste året snart har han trengt meir hjelp og eg har vært i bedre form, men opp og ned. No prøver eg ut ein medisin og driver å øker litt opp til eg finner rett styrke. Håpa da snart e dar, men merka eg trenger ikkje lika mykje sterke smertestillande lenger som da gjere meg glad 😌 mangla berre finna balansen på lading og aktivitet. Men bedre enn i vår.

Ein gjeng klar te å bytta beite

No er da litt lesing før eg ska sova. Er tidleg oppe om dagane sidan eg følgje lillegut på bussen te skulen. Og so er da noken tima på jobb etterpå før heim og sortera klær 😊

Håpar alle får ei god natt og sove godt 🍁🍂

Ta vare på kvarandre 🧡

Mandag og nye mulegheiter 🍁🍂

God mandag 💐

Da er da kvardag igjen og helga over. I dag har eg 2 avtaler og dan siste gleda/grua eg meg til.

Utsikt mot Feios

I dag er eg på Leikanger og skal ha møte med NAV. Eg har ikkje vært fornøyd med opplegget frivillig forvaltning so no har eg endeleg fått innvilga verge og samme som sambuar 👍 So i dag håpa eg at eg kan få dei til å ordne da som eg vil dei skal ordne. No syns eg da har vært mykje tull og eg er lei. Har tynga mykje på kroppen og no får eg ei som forklara godt og gjere dan jobben eg sjøl måtte ha gjort 🥺 Da har vært veldig tungt i perioder for meg. So no skal da bli godt når vergen trår til 👌

Ei som kosa seg på hotell i helga 🥰
Lite gevinst i forhold til vi pleier 🙈

På årebasaren på laurdag so vart da gevinst, men ikkje lika mykje som me pleier å vinne. Men da stoppa oss ikkje for å ha det moro og kose oss ☺️

Alt for tidleg i butikk syns eg 🤣

Eg var ein tur innom Kiwi før møte og der hadde dei fått inn kakemenn som eg lika veldig godt, men i år må eg ikkje kjøpe dei for da øydelegge eg for reisa eg no ska starte på alvor med. Kroppen er så i ubalanse og eg må begynne å ta da på alvor. Lavkarbo som eg fekk så godt til for 2 år sia har sklidd litt vekk og snopet har vært inne masse. Men no må eg prøve og snu da og kanskje da hjelper å skrive da her? 🤞 Usikker, men lov og håpe ☺️

 

Ha ein fin dag alle saman 💐🧡

A-Dagane på Leikanger Fjordhotell 🍂🍁

God laurdag alle sammen

Leikanger Fjordhotell

I dag sitter eg og min kjære på A-Dagane på Leikanger Fjordhotell og skal kose oss me sosialt ilag med den gode gjengen fra Rusettervernet ☺️ Natta har vært so som so, men da gjere ingenting når ein er med gode venner 🧡☺️

Trøytt i trynet

Til og med kosejenta Nikki er med oss her 🥰 Ho kosar seg på rommet mens me er på foredrag ☺️

Nikki i fine haustsola 🥰

Ha ein nydeleg laurdag alle saman 🍂🍁🧡

September og fine fargar 🍁🍂

Heisann alle saman 😌

Ja, no er vi kommen til hausten igjen og masse fine fargar rundt oss. Eg har styrt på no i noken månader med pappa og hjelpt til masse på garden i tillegg til at eg har snekra litt. Eg har i sommar laga platting, benk, vedkasse og fuglebrett og da må eg sei eg har kosa meg med 🤩

Aiko
Trampe

I tillegg har eg skifta og kosa masse med kaninene våres 😉 Dei kosa seg i kvart sitt bur etter at eg måtte skille dei pga 3 plaga den største og han trengte bur aleina sånn at han slapp å få sår heile tiden. No kosa dei seg i “gamle grisehuset” som eg har døpt om til “Kaninhuset”.

Snillis
Fluffy

I tillegg har lillegut begynt på skulen og han trives veldig god. Til og med min kjære sambuar har begynt på skule so dagane er travle og eg bruka dei til kvile, lading og da eg har lyst til. På jobb har eg begynt med sjokoladelaging med smak som me skal testa, men må berre finne ut korleis smaksskjema skal væra og da er ikkje bare bare 🙈

No sitter eg og ventar på gutta ska komma heim te middag og so blir da litt pakking sidan me skal vekk i helga og lillegut skal til besteforeldra 🥰 blir kjekt me ei barnefri helg på hotell med gode venner og “familie” 🧡

Milo

Fine plattingen min 🤩

Var med opp på hytta når me hadde sauejag. Eg og lillegut var ikkje med å gjekk, men kosa oss fordiom. Eg var på hytta med mamma mens lillegut vart med besten ein tur ned igjen 😌 stas og væra med når søskenbarna fra Odda og onkel kom og. Og so var tante der og kosa meg han og når dei ikkje leite etter sauer. Fylte opp familietid for meg og lillegut med mine gode familie 🥰🧡