Heisann alle saman 😌
Ja, no er vi kommen til hausten igjen og masse fine fargar rundt oss. Eg har styrt på no i noken månader med pappa og hjelpt til masse på garden i tillegg til at eg har snekra litt. Eg har i sommar laga platting, benk, vedkasse og fuglebrett og da må eg sei eg har kosa meg med 🤩


I tillegg har eg skifta og kosa masse med kaninene våres 😉 Dei kosa seg i kvart sitt bur etter at eg måtte skille dei pga 3 plaga den største og han trengte bur aleina sånn at han slapp å få sår heile tiden. No kosa dei seg i “gamle grisehuset” som eg har døpt om til “Kaninhuset”.


I tillegg har lillegut begynt på skulen og han trives veldig god. Til og med min kjære sambuar har begynt på skule so dagane er travle og eg bruka dei til kvile, lading og da eg har lyst til. På jobb har eg begynt med sjokoladelaging med smak som me skal testa, men må berre finne ut korleis smaksskjema skal væra og da er ikkje bare bare 🙈
No sitter eg og ventar på gutta ska komma heim te middag og so blir da litt pakking sidan me skal vekk i helga og lillegut skal til besteforeldra 🥰 blir kjekt me ei barnefri helg på hotell med gode venner og “familie” 🧡

Fine plattingen min 🤩
Var med opp på hytta når me hadde sauejag. Eg og lillegut var ikkje med å gjekk, men kosa oss fordiom. Eg var på hytta med mamma mens lillegut vart med besten ein tur ned igjen 😌 stas og væra med når søskenbarna fra Odda og onkel kom og. Og so var tante der og kosa meg han og når dei ikkje leite etter sauer. Fylte opp familietid for meg og lillegut med mine gode familie 🥰🧡




