Endeleg varmare, men så kjem ustabilt vær 🌸

God morgen, bloggen 😁

I dag måtte eg køyre gamlevegen til jobb sidan dei driver å freser den vanlege vegen eg køyrer. Men da fekk eg tatt bilde av dan vakre bygda eg bur i 💚

Tidleg ute på jobb, men da gjere ingenting når ein trivs med da ein driver med. No kan eg oppdatera bloggen min før eg begynnar å jobbe. Eg føler eg ikkje kan gjere så mykje før data’n er ferdig med å oppdatere seg. Da er da greit å skrive innlegg som eg kan fortsette med når eg ikkje kan jobbe på data’n.

I dag er da grått og trist ute, merker da mest på kroppen at dan er litt ustabil og meir smertefull i dag. Men da kan kanskje ha litt med at gønna på i går på både bad og kleskapet mitt. Eg har funne meg ein lifehack der eg brukar den som du åpna ein brusboks med og har hengt 2 og 2 kleshengera ilag sånn at da faktisk tar mindre plass i skapet. Min kjoler og jakker tar ein del plass når ein har litt for mykje på kroppen og trenger større str…….

Lifehack 👍

Sånn er da å ha energi som dabber av før ein er ferdig. Men fekk gjort da eg ville 👍

Eg har eit ynskje om å bytte ut garderoben min i mindre klær og da håpar eg at eg får gjort noke med no som eg har begynt med lavkarbo. Merka eg trenger tid å setta meg inn i alt, men da går framover og eg har ikkje småspising og max 4 måltid for dagen. Holder meg til 3 måltid, men av og til når ein er i selskap eller noke så er da uhøffeleg å ikkje smake. Men eg tar mindre stk. Detta er eg fast bestemt på å klare å holde og skal ned ein del kg, men dei har eg for meg sjøl sidan da er slag i trynet viss ein feilar. Difor veit svært få om dietten og kor mange kg eg vil ned. Men eg tenker at dette er noke som eg sjøl må fokusera på for mi eiga helse og at eg skal fungera bedre som mamma for gullet mitt.

Denna fibro’en har sine utfordringa og da er til tider tøft og eg merkar at jo meir sliten eg er jo kortare er lunta mi, og da prøver eg no og gjere noke med sidan da er ei utfordring med at eg ofte er sliten. Da er mange som har fibromyalgi og vi har alle forskjellige symptomer, men det alle har likt er smertene. Eg kjenner fleire som har det og dei er ulike på korleis dagane er i forhald til meg. Noken er 100% uføre mens andre jobber kanskje opp mot 100%. Og dei som jobber syns eg er tøffe 🙂

Eg merker sjøl om eg no venter på 100% uføre so er da godt å ha ein tilrettelagt arbeidsplass dar ein trivs å kunne reisa til. Eg hadde blitt sprø skulle eg ha gått heima heile tiden, sjøl om husarbeidet hadde vært enklare å gjort. Men heldigvis so har eg ein snill sambuar som gjere ein god del han og. No håpar eg da berre blir varmare og varmare framover sånn at smertene avtar og eg kan gjere ting uten å bli sliten 😉

Ynskjer dere alle ein fin onsdag og ta vare på kvarandre og dei rundt deg 🌸🫶🏻

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg