Vetle vetle nyttårsafta 🎉🧑🏻‍🎄🎅🏼

Fortsatt jul på senga 👍

Heisann alle sammen.

No er da lenge sia eg har skrive eit innlegg her. Livet skjer og mykje av da har med formen, tiden og prioritering. Har ein liten gutt som krever meir og meir, men når ein har kronisk sjukdom so blir da sånn. Eg veit da er mange som har samme diagnosen, men alle er forskjellig på korleis ein reagera. I haust har eg egentleg hatt lite smerter, men masse utmattelse og trøytt og sliten ganske mykje. Da har gått ut over tiden min me Lillegut og da tærer veldig på meg psykisk. Eg er ikkje ein person som snakkar so mykje om da, men er ikkje alt alle treng å vite.

 

Eg avslutta november me covid 4 daga før eg hadde bursdag og følte at eg aldri blei bra igjen. Da hjalp ikkje at lillegut fekk øyrebetennelse og virus juleveka og var heime heile veka før jul. Eg vart smitta og har følt at jula vart vekke i år. Juledag og 2 juledag var eg nede for telling og følte meg dårleg. I dag føler eg meg litt bedre og har begynt å rydda og sortera litt i tinga mine sånn at eg ikkje har for mykje ting. Ser eg har samla på gamle øskjer og mykje bruksanvisninger på ting me ikkje har lenger. Så da blir vel fram me enten tønne eller bålpanne og brenne papp og papir sånn at vi slepp å køyre alt for mykje på bossplassen.

 

Litt tv mens ein fyrer i ovn 👍

 

Snart begynna igjen å sortera og rydda skal eg bli ferdig i dag eller i måro. Driver også å smelter lys og finne rett farge før eg skal støype 4 lys til ei venninne som feira 40-års dag i januar 🤩 har hatt noken tunge dagar og kjenner da er godt å ha noke hodebry for å koble av 👍

Håpar alle får ein fin nyttårshelg og nyter fridagane. Me skal kose oss og lillegut skal ut å ake litt på nye sklimatta si 🤩 håpa eg orker å være med ut og det ikkje blir for kaldt 🤞

Fekk fint smykke av gutta mine 🥰🩵
0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg