Litt følelse av sommar?☀️

Klokka er snart 21 og da er kjøligt ute. Eg har prøvd å vært litt ute i dag etter at eg hadde vært på samtale, handel og henting i bhg. Men kjenner eg blir fort sliten og i kveld er halsen so sår at skulle tru eg hadde svelgt kaktus 😔 eg er so lei av å være forkjøla og håpa da roa seg snart.
Eg er litt glad for at sønnen min drog meg med ut og nett ned til vatnet me har under huset. Da va fint dar nede når me var nede. Kjølig, men fint og sol 😎☀️
Da var no egentleg ikkje so lenge me var dar, men da va noke han ville og eg orka der og da 💙🥰

Vatnet nedom oss 🤩

No har eg lagt meg på senga og høyrer guten min prøver å dryge ut tiden på å sove. Da er min sambuar som legge han sidan formen er dritt og han har vært ein del vekke og skal vekk neste veka. Men eg og guten kosa oss fordi om han er vekke. Er berre eg som merka meir at eg blir fortare sliten og kan ha kortare lunte, men da har eg jobba masse med sidan i våres 👍

No kosar eg meg me dei pelskledde jentene våres som ville ha kos. Eg eg kanskje ikkje vant med at katten vår vil kosa, men kjem meir og meir oh søke om kos 🤩🥰

Katten vår, Nøsti 🥰❤️

I dag kan mange sei me har hatt følelsen av sommar, men eg vil ikkje sei temperaturen er dar når september begynner torsdag 😔 merka da på kroppen at da har vært varmare, men ikkje nok te at muskla og ledd i kroppen slappa av og er litt smertefrie. Men no skal eg snart ta medisin og so sova. Håpa eg slepp inn med lillegut i kveld og får sova i natt. Kroppen treng ei god natt 🤞

Ta vare på kvarandre 🌸🫶🏻

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg