Ikkje heilt min dag

Dagen i dag starta tidleg. Eg skulle på kurs og var egentleg klar for da, men kroppen va veldig tung. Eg skal ikkje sei eg søve dårleg, for go’guten vår har sove 11-14 t sia han var 2 mnd og han blir 2 om 1 mnd. Men kroppen er sleten og trøytt og da hjelpe ikkje akkurat når eg treng energi til siste rest av oppussing av kontoret. Men eg kom meg på kurs og etterpå fekk eg sjekka lyset på bilen og festa da som va litt laust. 

Når bilen var ferdig reiste eg bort på Europris ein tur og prata me kjente dar 🙂 Eg kjente eg trengte litt sosialt før eg reiste heim. Og der var da berre hunden min som var heime. Gutta va på tur og skulle ha med seg møbler heim igjen. Gledar meg til å setta sammen og få orden på leikene te gutungen 😉

Dar va da nysnø i dag 🙁

 

Fibroen er håplaus tvers gjennom og eg kjenner kroppen manglar å regulera seg sånn at eg ikkje blir so utmatta. Eg kjenner eg av og til ikkje blir forstått, men heldigvis har eg ein mann og venner rundt meg som skjønnar ka eg meinar og føler. 
 

Eg håpar da blir enklare og eg klara dagane mine bedre. Vil i allefall prøve å få inn litt trening heime ein par daga i veka for å få litt bedre form og kanskje bedre søvn. Da hadde hjelpt mykje før da blir alt for kaldt 🙂

 

Ha ein flotte torsdags kveld 🙂

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg