Første gang på fibrokafé :)

I dag merka eg etterdønning etter ei helg med forbredelsa te 2 årsdag. I går var lillegut 2 år og me hadde feiring med min familie. Han fekk masse fint og ikkje minst Mariusgensar med rådyr på fra bestao og besten 😉 

Kos me søskenbarn pao golvet 🙂

 

I dag har eg levert lillegut i bhg, reist heim og ete frukost og sortert litt lys som eg har fått henta i helga og i går. So var da å reisa på første fibrokafé her i Sogndal. Eg grua meg, men da va heldigvis ei te som va ny og da hjalp litt. Godt å kunna snakka me andre som har samme sjukdom og kanskje dei samme utfordringane 🙂 Når eg kom heim so måtte eg opp og legga meg. Eg va sliten og fekk sova ein liten time og da gjorde godt. 🙂

Eg veit i allefall ka eg lyte gjera ang avtalane mine framover. Eg kan ikkje ha mange på ein dag. Da tar knekken på meg. Etter eg hadde fått sove og fått i meg mat so var da lillegut som skulle ha mat og i seng. Når eg hadde lagt han so klyppa eg Nikki, for ho va so lodden rundt snuten sin og klødde.

Nyklipt Nikki 🙂

Men no er da natta her, treng å henta meg litt inn igjen. So ha ei fin natt alle saman og ta vare på kvarandre. 🙂

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg