Tung kveld i kveld :-(

God kveld, kjære lesara 🙂

Gruppa Il Divo er terapimusikk for meg 😉 <3

No har eg lagt meg på senga for å høyra musikk og sjå litt film eller serie før eg skal sova. Eg satt på favorittgruppa mi Il Divo på YouTube sidan formen er bob-bob og eg slite litt me depresjon i kveld so treng eg musikken som får meg opp igjen. Gubben og lillegut er på overnatting hos svigerfar så eg får henta meg inn igjen litt etter ei vanskeleg natt med ein litt uroleg lillegut i natt 🙁 Men savnet er stort uansett om dei er vekke bare te i måro.

Liten kar på utforsking i formiddag 🙂

Eg har ikkje skrive so mykje om at eg slite me depresjon, men eg veit da er vanskeleg tema for fleire og da er seigt. Eg får så innmari mykje støtte fra gubben og venner at eg har mykje og kjempa for, men av og te blir eg nedfor og får masse negative tanka. Da er da godt å ha musikken som hjelper meg opp igjen og gutta mine <3 <3

I dag har eg og rydda i klærne til lillegut og bytta om litt sidan har vokser og da nærma seg sommar, sjøl om temperaturen ikkje tyda på da 🙁 Men sånn er da å ha is på vatnet enda og masse snø som nesten akkurat er vekke!! Men me nærma oss juni og da skal da bli bedre. Eg gleda meg i allefall te neste veka for da blir da tur te gode venner 😉 da treng me kjenner eg på meg. <3 familietid 😉

Som dere ser på bildene over no so har da smelta masse snø og regna ein god del 🙁 vatnet stige og eg håpa da stemmer at da gir seg fredag 🙂 me treng litt opphaldsvær!!!

Gjekk bort te naboen 🙂

Eg va nett ein tur hjå naboen for dei trengte hjelp. Sånn er da å ha noken som er teknisk av seg. Difor trur eg da kanskje blir litt data på meg etter kvart i forbindelse me jobbprøving. Men no skal eg nytta musikken og komma meg litt te i måro. 
Håpa dikka får ei strålande natt og ta vare på kvarandre 🙂 <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg